Verner Bjerkvik
Advokat, Norges Bondelag
Advokat, Norges Bondelag
Stortinget fastsette i vårsesjonen 2025 lov 20. juni 2025 nr. 102 om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven). I medhald av kongeleg resolusjon 20. juni 2025 nr. 1105 skal lova tre i kraft 1. juli 2026 og avløyse lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet (viltloven). Viltlova av 1981 avløyste i si tid lov 14. desember 1951 nr. 7 om viltstellet, jakt og fangst (jaktloven), som igjen erstatta lov 20. mai 1899 nr. 2 angaaende Jagt og Fangst (jaktloven 1899). Nokon sentrale prinsipp, som til dømes grunneigar sin einerett til jakt og fangst, er vidareført frå jaktlova av 1899. Tolkinga av dei tidlegare lovene vil såleis framleis kunne ha aktuell interesse for å klarlegge det nærare innhaldet i viltressurslova.
Viltressurslova regulerer det haustbare viltet som vert forvalta av Landbruks- og matdepartementet. Lova regulerer òg felling av vilt (lisensfelling og skadefelling) som ligg til Klima- og miljødepartementet sitt ansvarsområde. Føresegnene om kva viltartar ein kan drive jakt og fangst på, er fastsett i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven), som vert forvalta av Klima- og miljødepartementet. Forholdet mellom desse to lovene er slik at reglane om kva viltartar som kan haustast eller fellast, er fastsett i naturmangfaldslova, medan viltressurslova regulerer forvaltinga av det viltet som kan jaktast, fangast eller fellast i medhald av naturmangfaldslova. Vidare er det også i lov 19. juni 2009 nr. 97 om dyrevelferd (dyrevelferdsloven) gjeve føresegner om jakt og fangst av vilt, som set meir overordna krav til at jakt og fangst skal skje på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte, jf. dyrevelferdslova §§ 3, 12 og 20.
Føremålet med lova er å «sikre at forvaltning av viltressursene gjennom jakt, fangst, felling og annen håndtering av vilt skjer på en bærekraftig og forsvarlig måte, i samsvar med naturmangfoldloven og dyrevelferdsloven», jf. § 1. Føremålsføresegna syner at føresegnene i viltressurslova skal tolkast i lys av desse sektorovergripande regelverka, noko som også er understreka i førearbeida, jf. Prop. 78 L (2024–2025) s. 217.
Jakt og fangst, og anna bruk av utmark, er ofte tufta på veletablerte tradisjonar. Moderne regulering kan i nokon tilfelle stride mot den tradisjonelle jakt og fangstkulturen. I viltressurslova § 4 er det, som noko nytt, gjeve ein særskilt føresegn om at ein innafor rammene av viltressurslova skal legge tilbørleg vekt på samiske interesser. Etter førearbeida er føremålet med denne føresegna mellom anna å trygge etterleving av våre mellomfolkelege plikter til å trygge urfolk sine rettar.
Sentrale førearbeid til viltressurslova er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet sitt høyringsnotat av 25. oktober 2024 om ny viltressurslov, Prop. 78 L (2024–2025), Innst. 301 L (2024–2025) og Lovvedtak 66 (2024–2025). Under handsaminga av departementet sin lovproposisjon på Stortinget vart det gjort fleire større endringar i lovframlegget. Døme på dette er krava til forsvarleg utøving av jakt og fangst etter § 21, bruk av synleg lys og særskilte siktemidler etter § 26 og kva reiskap som er tillatne ved skadefelling og felling iverksett av styresmaktene, jf. §§ 46 og 47.
Etter viltressurslova § 61 tredje ledd gjeld forskrifter som er fastsett i medhald av viltlova, også etter at viltressurslova er iverksett. Sentrale forskrifter til viltressurslova er:
forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøvelse av jakt, felling og fangst
forskrift 21. januar 2022 nr. 128 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028
forskrift 8. januar 2016 nr. 12 om forvaltning av hjortevilt
forskrift 26. april 2017 nr. 519 om forvaltning av bever
forskrift 1. april 2020 nr. 565 om skadefelling, dødt vilt og bruk av vilt i oppdrett, forskning og dyrepark (viltforskriften)
forskrift 15. mai 2011 nr. 537 om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort
forskrift 17. desember 2019 nr. 1878 om utlegging av åte og fôring av vilt (åteforskriften)
forskrift 18. mars 2005 nr. 242 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskriften)