Borgar Høgetveit Berg har sidan 2017 vore dommar i Noregs Høgsterett. Høgetveit Berg tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1997 og fekk møterett for Høgsterett i 2003. Frå 1998 til 2005 arbeidde han hjå Regjeringsadvokaten, med eit opphald frå 2003 til 2004 som lagdommar i Hålogaland lagmannsrett. Frå 2005 var Høgetveit Berg advokat i Advokatfirmaet Thommessen, der han vart partner i 2008. Borgar Høgetveit Berg har omfattande prosedyreerfaring og eit breitt juridisk forfattarskap med bøker og artiklar innan formues- og prosessrett. Av bøkene kan nemnast:
- Voldgiftsloven (2006)
- Gruppesøksmål (2012)
- Avtalt prosess (2015)
- Beslagsretten (2021)
- Tinglysing (2. utg. 2023)
- Hevd (2. utg. 2025)
- Voldgift i et nøtteskall (2. utg. 2025)
- Arbitration in Norway (2026)