Motsegn

Motsegn

Av Siv Elén Årskog Vedvik

Kva rettsleg vern har det kommunale sjølvstyret i motsegnsystemet? Og er dette eit spørsmål om juss, eller om politikk? Plan- og bygningslova sitt system med motsegn («innsigelse») som verkemiddel for statleg kontroll med kommunal arealplanlegging, er ofte ei rot til konflikt. Ein viktig grunn til det, er at motsegner flyttar kompetansen til å gjere endeleg planvedtak frå kommune til stat. Slik blir forholdet mellom omsynet til kommunalt sjølvstyre, og omsynet til statleg styring, sett på spissen. Boka Motsegn problematiserer både dei overordna rettslege rammene for det kommunale sjølvstyret, og korleis vi skal forstå grensene for kompetansen til dei forvaltningsorgana vi møter i motsegnsystemet: motsegnsorgana, statsforvaltaren som samordnar og meklar, og departementet som avgjerdsorgan. Søksmålsretten som kommunane fekk i 2018, aktualiserer også spørsmålet om kva rolle domstolane kan spele i saker som gjeld kompetansedelinga mellom stat og kommune. Temaet i boka er såleis aktuelt for alle som arbeider med arealplanlegging, og med tvisteløysing i saker mellom stat og kommune

  • Utgivelsesår: 2026
  • ISBN: 978-82-93816-37-9
  • Utgiver: Karnov Group Norway