Kort om grunnloven

Grunnloven er den viktigste loven i Norge. Den står over alle andre lover og er vanskelig å endre. Ingen andre lover kan gå imot Grunnloven.

Grunnloven har to formål. For det første slår den fast spillereglene i det norske demokratiet, som maktfordeling og parlamentarisme. Det er i Grunnloven det står at «Folket utøver den lovgivende makt ved Stortinget» (§ 49), og det er også her man finner reglene for hvem som har stemmerett og for hvordan stortingsvalg fungerer.

For det andre inneholder Grunnloven en god del rettigheter som alle i Norge har, og som staten har ansvaret for å sikre oss. Disse inkluderer en god del menneskerettigheter, som ytringsfrihet, religionsfrihet og retten til utdanning.

Grunnloven ble skrevet under riksforsamlingen på Eidsvoll i 1814. Den har holdt seg aktuell gjennom mer enn 200 år og endres i takt med at samfunnet utvikler seg. Grunnloven er kortere enn mange tror. Den består bare av 121 lovparagrafer, og fyller ikke mange sider. Det originale dokumentet fra 1814 finnes på Stortinget.

 

Lovkommentarforfattere

Eirik Holmøyvik

 

Få gratis prøvetilgang

 

Lovkommentar #1 (Stjernenote)

Kongeriket Noregs grunnlov / Kongeriket Norges grunnlov (Grunnlova/grunnloven)

Lov 17. mai 1814 kongeriket Noregs grunnlov (Grunnlova/Grunnloven eller Grl.) er Noregs grunnlov og høyrer administrativt under Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og i Stortinget under kontroll- og konstitusjonskomiteen. Grunnlova er sidan 6. mai 2014 gitt på bokmål og nynorsk som jamstelte språkversjonar.

Grunnlova er den øvste rettskjelda i norsk rett og kompetansegrunnlaget til Stortinget som lovgivande, løyvande og kontrollerande makt, Kongen som utøvande makt og domstolane som dømande makt. Grunnlova inneheld sentrale reglar for organiseringa og kompetansen til dei øvste statsmaktene og set grenser for maktutøvinga til staten og andre offentlege organ overfor individa.

Grunnlova gir ikkje og har aldri gitt ei fullstendig rettsleg regulering av dei øvste statsmaktene eller individets rettar overfor staten. I dag må reglane i Grunnlova også sjåast i samanheng med Noregs folkerettslege plikter og særleg folkerettslege avtaler som er inkorporert som lov. Både Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og EØS-avtalen med tilhøyrande avtaler med EU har stor påverknad på både den lovgivande, utøvande og dømande funksjonen etter Grunnlova. Eit døme er lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske regler m.m. (EØS-høringsloven).

For den utøvande makta inneheld Grunnlova i kapittel B reglar om regjeringsskiping, nokre sentrale saksbehandlingsreglar og kompetansar for Kongen i statsråd. Det aller meste av forvaltningsverksemda er delegert til departementa og underordna organ i instruks (kgl.res. 23. mars 1909 Instruks for Regjeringen § 5) eller lov. Kompetanse- og saksbehandlingsreglar for forvaltninga er i hovudsak regulert i lov. Regjeringa som organ er ufullstendig regulert i Grunnlova. Statsministerens kontor har utarbeidd særskilte rettleiarar for regjeringas forhold til Stortinget og saksbehandlinga i regjeringa på grunnlag av praksis. Sjå Regjeringens forhold til Stortinget (ajourført pr. september 2022), Om Kongen i statsråd (ajourført pr. august 2022), og Om r-konferanser (ajourført pr. januar 2022). For den lovgivande makta regulert i kapittel C er det i Stortingets forretningsorden gitt utfyllande reglar om organiseringa av og saksbehandlinga i Stortinget. Lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven eller valgl.) med tilhøyrande forskrifter utfyller Grunnlovas reglar om stortingsval. Dei eksterne kontrollorgana til Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet, Noregs institusjon for menneskerettar, EOS-utvalet og Ombodsnemnda for forsvaret, er også regulerte i lov. Kapittel D om domstolane er knapt og inneheld berre nokre grunnleggjande reglar om organiseringa av Høgsterett og Riksretten. Domstolslova gir utfyllande reglar om organiseringa av domstolane, medan prosessuelle reglar er gitt i særlover for dei ulike prosessformene. Riksretten er utfyllande regulert i lov 5. februar 1932 nr. 2 om rettergangsmåten i riksrettssaker (riksrettergangsloven eller riksrgl.), medan ansvarsgrunnlaget er nærare regulert i lov 5. februar 1932 nr. 1 om ansvar for handlinger som påtales ved Riksrett (ansvarlighetsloven eller riksrl.). Grunnlovas kapittel E om menneskerettar er langt på veg parallelt regulert i lov gjennom inkorporeringa av Den europeiske menneskerettskonvensjonen og andre menneskerettskonvensjonar i lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven eller mrl.) § 2. Høgsterett har på grunnlag av fråsegner i førearbeida lagt til grunn at menneskerettsføresegnene i Grunnlova som vart vedtekne i samband med menneskerettsreforma i 2014 «skal tolkes i lys av de folkerettslige forbildene, men likevel slik at fremtidig praksis fra de internasjonale håndhevingsorganene ikke har samme prejudikatsvirkning ved grunnlovstolkningen som ved tolkningen av de parallelle konvensjonsbestemmelsene», sjå Rt. 2015 s. 93 (Maria) avsnitt 57.

Grunnlova har ikkje blitt heilskapleg revidert sidan 1814. Dei opphavlege førearbeida til Grunnlova i form av Riksforsamlingas protokoll og grunnlovutkast er samla i Riksforsamlingens forhandlinger, 3. bind, Kristiania 1914–18. Desse førearbeida er mindre viktige i dag, men er enno relevante for forståinga av nokre reglar, sjå til dømes Rt. 2010 s. 535 (OVF) avsnitt 57 flg. For seinare endringar finst det førearbeid for kvart einskild grunnlovvedtak i form av grunnlovframlegg av anten stortingsrepresentantar eller Kongen, komitéinnstilling og debatt på Stortinget. På nettsidene til Stortinget ligg det fullstendig oversikt over grunnlovframlegg, -vedtak og førearbeid til desse tilbake til 1999. Tidlegare førearbeid er også tilgjengeleg digitalt i databasen Stortingsforhandlinger 1814–2005 på nettsidene til Stortinget. Her må ein søke eller bla seg fram til dei korrekte dokumenta. Grunnlovframlegg er som regel trykt i Dokument-serien, innstillingar i Innstillinger-serien, og stortingsdebattane i Stortingstidende. Språklege endringar i samband med vedtakinga av to jamstelte norske språkversjonar i 2014 er drøfta i Dokument 19 (2011–2012) Rapport fra Grunnlovsspråkutvalget om utarbeidelse av språklig oppdaterte tekstversjoner av Grunnloven på bokmål og nynorsk.

Grunnlova vart sist endra 1. juni 2022, og Stortinget har sidan 1814 vedteke 333 substansielle grunnlovendringar. I tillegg kjem språklege og reint redaksjonelle endringar. For ei oversikt over grunnlovendringar i tal og over tid sjå Eirik Holmøyvik, «§ 121», i Grunnloven. Historisk kommentarutgave 1814–2020, redigert av Ola Mestad og Dag Michalsen, Oslo: Universitetsforlaget, 2021, s. 1370–1372.

Faglitteraturen om Grunnlova og institusjonane regulert der er svært omfattande og spenner over meir enn 200 år.

Systematiske allmenne framstillingar av norsk statsrett:

  • Eivind Smith, Konstitusjonelt demokrati, utgåve, Bergen: Fagbokforlaget, 2021 (fyrste utgåve 2009).
  • Andenæs og Arne Fliflet, Statsforfatningen i Norge, 11. utgåve, Oslo: Universitetsforlaget, 2017 (fyrste utgåve 1945).
  • Per Helset og Bjørn Stordrange, Norsk statsforfatningsrett, Oslo: Ad Notam Gyldendal, 1998.
  • Frede Castberg, Norges statsforfatning, 3 utgåve, 2. bind, Oslo: Universitetsforlaget, 1964 (fyrste utgåve 1935).
  • Bredo Morgenstierne, Lærebok i den norske statsforfatningsret, utgåve, 2. bind, Oslo, 1926–27 (fyrste utgåve 1900).
  • Torkel Halvorsen Aschehoug, Norges nuværende statsforfatning, utgåve, 3. bind, Christiania 1891–93 (fyrste utgåve 1875–85).
  • Frederik Stang, Systematisk Fremstilling af Kongeriget Norges constitutionelle eller grundlovbestemte Ret, Christiania, 1833.
  • Georg Frederik Lerche, Kongeriget Norges offentlige Ret, Christiania, 1830.
    Kommentarutgåver til Grunnlova:
  • Ola Mestad og Dag Michalsen, red., Historisk kommentarutgave 1814–2020, Oslo: Universitetsforlaget, 2021.
  • Arne Fliflet, Grunnloven kommentarutgave, Oslo: Universitetsforlaget, 2005.
  • Bernhard Dunker, Om den norske Constitution, Christiania, 1845.
  • Peder Krabbe Gaarder, Fortolkning over Grundloven og de øvrige Love, som danne Norges Riges offentlige Ret, Christiania, 1845.
  • Christian Magnus Falsen, Norges Grundlov gjennemgaaet i Spørgsmaal og Svar, Bergen, 1816.
  • Henrik Steenbuch, Bemærkninger over Norges Grundlov af 4de November 1814, Trondhjem, 1815.
    I tillegg til dei systematiske framstillingane av norsk statsrett og kommentarutgåvene finst det ein omfattande statsrettsleg litteratur knytt til institusjonane og reglane i Grunnlova. Her vil berre nokre sentrale verk og offentlege utgreiingar om utvalde tema bli nemnt.
    Grunnlovas utvikling og tolking:
  • Ola Mestad og Dag Michalsen, red., Historisk kommentarutgave 1814–2020, Oslo: Universitetsforlaget, 2021.
  • Eirik Holmøyvik og Dag Michalsen, Lærebok i forfatningshistorie, Oslo: Pax, 2015.
  • Eirik Holmøyvik, red. Tolkingar av Grunnlova. Om forfatningsutviklinga 1814–2014, Oslo: Pax, 2013.
    Artikkelsamlingar og innføringslitteratur:
  • Arne Fliflet, Statsrett i et nøtteskall, Oslo: Gyldendal Norsk Forlag, 2020.
  • Benedikte Moltumyr Høgberg, Statsrett, 3. utgåve, Universitetsforlaget, 2020.
  • Per Stavang, Parlamentarisme og folkestyre, utgåve, Bergen: Fagbokforlaget, 2002.
  • Eivind Smith, Stat og rett, Oslo: Universitetsforlaget, 2002.
  • Torkel Opsahl, Statsmakt og menneskerett, bind 1, Oslo: Ad Notam Gyldendal, 1995.
  • Carsten Smith, Statsliv og rettsteori, Oslo: Universitetsforlaget, 1978.
    Stortinget som institusjon:
  • NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg. Ny valglov.
  • Hanne Marthe Narud mfl., red., Stortingets historie 1964–2014, Bergen: Fagbokforlaget, 2014.
  • J. Hambro mfl., red. Det norske Storting gjennom 150 år, 4. bind, Oslo, 1964.
    Stortinget som lovgivar:
  • Inge Lorange Backer, Loven – hvordan blir den til?, Oslo: Universitetsforlaget, 2013.
  • Bjørn Stordrange, Fra premisser til kompromisser. Om Stortingets lovbehandling, Oslo: Universitetsforlaget, 1988.
  • Torkel Opsahl, Delegasjon av Stortingets myndighet, Oslo, 1965.

Stortingets kontrollfunksjon:

  • Fredrik Sejersted, Kontroll og konstitusjon, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2002.
  • Per Stavang, Storting og regjering. Om instruksar frå Stortinget til regjeringa, Bergen: Alma Mater Forlag, 1999.
  • Eivind Smith, Regjeringens opplysningsplikt overfor Stortinget, Oslo: Universitetsforlaget, 1997.

Stortingets kontroll med regjeringa har òg vore gjenstand for utgreiingar av tre stortingsoppnemnte utval med tilhøryande innstillingar til Stortinget: Utgreiinga til Ingvaldsen-utvalet er trykt i Dokument nr. 7 (1972–73) Utredning fraUtvalget til å utrede spørsmål vedrørende Stortingets kontroll med forvaltningen m.v. (Innst. S. nr. 277 (1976–77)). Utgreiinga til Frøiland-utvalet er trykt i Dokument nr. 14 (2002–2003) Rapport til Stortinget fra utvalget til å utrede Stortingets kontrollfunksjon (Innst. S. nr. 210 (2002–2003)). Utgreiinga til Harberg-utvalet er trykt i Dokument 21 (2020–2021) Rapport fra utvalget til å utrede Stortingets kontrollfunksjon.

Grunnlova og tilhøvet til folkeretten:

  • NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor — Norges avtaler med EU.
  • Erik Colban, Stortinget og utenrikspolitikken, Oslo, 1961.

Regjeringa:

Domstolane:

  • NOU 2020: 11 Den tredje statsmakt – Domstolene i endring.
  • Anine Kierulf, Judicial Review in Norway, Cambridge, 2018.
  • Tore Schei mfl., red., Lov, sannhet, rett. Norges Høyesterett 200 år, Oslo: Universitetsforlaget, 2015.
  • Nils Asbjørn Engstad mfl., red., Dommernes uavhengighet, Bergen: Fagbokforlaget, 2012.
  • Eivind Smith, Høyesterett og folkestyre, Oslo: Universitetsforlaget, 1993.

Konstitusjonell naudrett:

  • NOU 2019: 13 Når krisen inntreffer
  • Ola Rambjør Heide, Konstitusjonell nødrett, Oslo: Tano Aschehoug, 1998.

Menneskerettar i Grunnlova:

  • Jørgen Aall, Rettsstat og menneskerettigheter, utgåve, Bergen: Fagbokforlaget, 2018.
  • Dokument 16 (2011–2012) Rapport til Stortingets presidentskap fra Menneskerettighetsutvalget om menneskerettigheter i Grunnloven
  • Benedikte Moltumyr Høgberg, Forbud mot tilbakevirkende lover, Oslo: Universitetsforlaget, 2010.

NOU 1999: 27 «Ytringsfrihed bør finde Sted.» Forslag til ny Grunnlov § 100.